Sogndal Hagelag har fått tildelt prosjektmidlar frå Sparebanken Norge til gjennomføringa av Spirefesten. Midlane vil bidra til å vidareutvikle arrangementet og skape ein inkluderande og læringsrik møteplass for barn, unge og vaksne i lokalsamfunnet.
Spirefesten er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogndal hagelag og Sogndal mottakssenter, og har som mål å fremje interesse for planting, dyrking og naturglede. Vi samlar frivillige organisasjonar, lokale eldsjeler og aktørar til aktivitetar og opplevingar knytt til hage og berekraft.
Med støtte frå prosjektmidlane kan hagelaget styrkje aktivitetane ytterlegare og sikre gode opplevingar for deltakarane. Arrangementet er eit viktig bidrag til fellesskap og grønt engasjement i regionen.