Workshop - Pileflettkrans
Flett din eigen pilekrans
Har du lyst til å flette din eigen pilekrans? Vi møtest hjå Berit Amundsen 10. november kl. 11–13.
Vi startar med å klippe pileskot til kransane. Etter ein enkel demonstrasjon flettar vi kvar vår krans, hjelper kvarandre og kosar oss med kaffi og prat. Du treng ingen forkunnskapar!
✂️ Ta med hagesaks.
🧣 Kle deg etter vêret og temperaturen – vi arbeider ute, men under tak.
☕ Pris:
Medlemar: 100 kr per person
Ikkje medlem: 150 kr per person
Du får med deg din eigen pilekrans heim – fin som han er, eller som utgangspunkt for ein julekrans. Pil og kaffi er inkludert.
Avgrensa tal plassar. Påmelding innan 5. november.
Treng du skyss, eller har du lyst til å donere pilegreiner til arrangementet? Ta kontakt!
Påmelding og kontakt:
Mariann Reppen Bakketeig
📞 959 24 932
Velkomen til ei kreativ stund i godt lag!