SPIREFESTEN PÅ LEIKANGER
Velkomen til Spirefesten!
Ein inkluderande og kjekk familiedag der vi lærer om hage, dyrking og bærekraft gjennom aktiv deltaking 💚
Her kan alle vere med – heilt utan forkunnskapar eller språkkunnskapar. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogndal hagelag og Sogndal mottakssenter der vi inviterer andre frivillige til samarbeid og deltaking.
🌱 SPIREFESTEN – Vår i hagen!
📍 Leikanger mottakssenter
🗓 11. april
🕛 Kl. 12–15
Velkomen til ein kjekk og inkluderande familiedag ute 💚
Her blir det læring gjennom aktivitet, skaparglede og sosialt fellesskap!
🌼 Du kan mellom anna:
– Bytte frø og så i gjenbruksemballasje
– Lage frøbomber og frøsniglar
– Bygge fuglehus og insekthotell
– Male og fornye blomsterpotter
– Lære å lage lasagnebed (jordbygging)
– Vere med på leik, ansiktsmaling og friluftskos m.m.
🔥 Open grill og bålpanne – ta med eigen mat
☕ Gratis kaffi, saft, sveler og bakst
🌻 Ta gjerne med:
– Frø til bytting
– Plantar/stiklingar du vil gi vidare
💛 Har du lyst å bidra litt? Vi tek gjerne imot hjelp eller eit lite bakverk
🤝 Arrangementet er gratis, men vi set stor pris på eit frivillig bidrag:
Vipps: 962152 (merk “Spirefesten”)
Konto: 3720 30 11955
👨👩👧👦 For alle aldrar – kom og gå som du vil
🌦 Kle deg etter vêret
✨ Ta med deg ein ven – vi gler oss til å sjå deg!