Skogbad - Shinrin yuko
Bli med på ei fantastisk oppleving i Lærdal med sertifisert instruktør Bente Øien! 🌱 🫖Meditativ vandring i skog avslutta med enkel teseremoni, meir info i kommentar.
Skogsbad eller shinrin yoku er ei roleg, nærast meditativ vandring over korte avstandar i naturen. Bente Øien Hauge er sertifisert skogsbadguide som vil leie oss denne dagen. Undervegs får du ulike invitasjonar som gjev deg høve til å bruke sansane dine på ein annan måte enn vi vanlegvis gjer når vi er ute på tur.
Skogsbadet varar vanlegvis kring tre timar og vert runda av med ei enkel teseremoni. Denne forma for vandring er open for alle – også for dei som ikkje har lyst på, eller helse til, fysisk krevjande aktivitet.
Alt går føre seg i sakte tempo og kravlaus ro. Her finst ikkje nokon rett eller gal måte å gjera ting på. Skogsbadet er eit ope sanserom der du berre kan vere til stades i – og med – naturen.
Det er stor skilnad på eit skogsbad og ein vanleg tur i skogen eller på fjellet. Dei fleste vil ha utbytte av å gjere det saman med ein sertifisert guide, særleg dei første gongene. Det er litt som med yoga: Det er ein metodikk, det handlar ikkje berre om å leggje seg ned på ei matte.
Shinrin yoku er japansk og tyder å “bade i skogen sin atmosfære”. I Japan og fleire andre land blir slike vandringar skrivne ut på resept, som medisin for kropp og sinn. Praksisen er ikkje heilt utan risiko: Du kan kome til å kjenne på mjukare pust, sjeleleg og kroppsleg velvære – rett og slett finne ei djupare ro.
🚙 Felles avgang frå Esso Lærdal kl. 12.30.
Samkøyring frå Kaupanger med avreise frå Europris kl. 11.30.
Pris: 350,- for medlemmar i hagelaget, 400,- for andre.
Påmelding: til Turid mobil 971 44 164
Frist: 23. juni