Bli med på på tur i eit sentrumsnært område i Sogndalsfjøra for å lære om nytteplanter, mest om dei plantene vi finn på denne turen. Turområde vert lagt til seinare. Du får læra om bærekraftig plukking av nyttevekster og korleis dei kan brukast. (NB: Krav om påmelding, sjå lenke til heimeside lenger nede i teksten.)

Det er ikkje krav om forkunnskapar. På kurset vil du få utdelt brosjyrer om  temaet: Nyttevekster for begynnere og/eller den engelske versjonen Edible wild plants for beginners og Lag mat med nyttevekster. I mellomtida kan du fritt studere nettversjonen av brosjyrene via lenkene du finn i kalenderoppføringa for arrangementet.

Du får lære nokre tommelfingerreglar, som til dømes at skjermplanter er den vanskelegaste slekta med flest giftige artar alt på løvetann er etande
område der den naturlege vegetasjonen er forstyrra ofte er gode plassar for å finne nyttevekstar
det alltid er bærekraftig å plukke framandartar

Norges sopp- og nyttevekstforbund (NSNF) stiller krav om at lærarar på slike kurs skal vera nyttevekstkyndige (bestått kurs i regi av NSNF). Vi er så heldige å ha fått med oss Cathrine Johnsen og Jone Sollid Næss som lærarar på kurset. Dei er begge utdanna nyttevekstkyndige og soppsakkyndige.

Pris: 150 kr for medlemmar og 250 kr for ikkje-medlemmar.

Påmelding: https://indresogn-voss.soppognyttevekster.no/nettbutikk/arrangement/nyttevekstkurs-i-vik/

Frist for påmelding: 24. juni kl 16.00