Vi møtes på stavkyrkja på Kaupanger og ved grusplassen ved Fossvegen i Sogndal, for å rydde lupin! Alle mottek eit flaxlodd ved første bossekk fylt med lupin. Det blir eit liknande arrangement i Sogndalfjøra. 

Vi stiller med bossekker og hansker, i tillegg til noko utstyr. Men ta gjerne med eige dersom du har! Ta gjerne med gul refleksvest, ettersom vi vil bevege oss litt langs riksvegen. 

Det blir servert lette forfriskningar til arbeidet.

Dette er en del av lupinaksjonen, som foregår i Sogndal i veke 21. Her oppfordrar vi alle til å rydde hagen sin for lupin, og plukke lupin som de ser i vegkanten. 

Dersom du ikkje kan vere med på dette arrangementet, send et bilete av ein full bossekk med lupin i løpet av veka, og motta ditt flaxlodd!

Lupin er ein framand art som sprer seg lett, og tar plass fra andre lokale blomsterarter. Den endrar også jordsmonnet, siden den tilfører molda nitrogen. Dette liker ikkje mange av våre lokale blomar! Derfor vil vi rydde den vekk, slik at den gjer mindre skade på vårt lokale naturmangfald.

Lupinaksjonen er eit samarbeid mellom Sogndal hagelag, Sogn botaniske forening og Naturvernforbundet.