Ruben Bøtun frå Skogselskapet tek med emne og verktøy, slik at du kan lage di eiga fuglekasse – og ta den med heim.

Fargerike Sogndal sponsar med giftfri terrassebeis, slik at du kan setje ditt eige fargerike preg på kassa. Beising gjev lengre levetid og vernar treverket mot vêr, fukt og slitasje.

Her får både små og store høve til å vere kreative, og du treng inga forkunnskap – berre lyst til å prøve!

 

Dette er ein av fleire postar du kan delta på denne dagen. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogndal hagelag, Sogndal mottakssenter, Skogselskapet og fleire frivillige organisasjonar og personar. 

Arrangementet er gratis!