Lag ditt eige insekthus og bli med på å byggje eit stort insekthotell til kjøkkenhagen ved mottaket. Vi nyttar naturmateriale og jobbar saman om å lage eit godt tilbod for dei nyttige små medhjelparane våre.

Her får du både lage noko sjølv og bidra til noko større – eit hotell som kan gi ly og gode levevilkår for viktige insekt i hagen.

Neste gong du kjem på besøk kan du sjå om det har flytta inn nokre små hagehjelparar.