Sognefjordvegen 20, 6863 Leikanger
Frøsniglar, frøbomber og såing i gjenbruksemballasje
apr
Lø
Lær korleis du kan så og dyrke blomster utan å kjøpe noko nytt! Vi lagar frøsnilgar, frøbomber og sår i gjenbruksbehaldarar – som mjølkekartongar og anna emballasje. Du får også sjå korleis du kan dyrke basilikum i vatn – ein enkel og spanande måte å få nye plantar på.
Her finn du også eit frøbibliotek, der du kan ta med deg frø du ikkje treng, og byte dei i nye sortar.
Jorda vi brukar, siktar vi sjølve – vi kjøper ikkje såjord, men nyttar det vi har rundt oss.
Barn kan så si eiga solsikke og vere med i ei kjekk solsikkekonkurranse, der vinnaren vert kåra i august. Ta gjerne med bilete av utviklinga undervegs!