Bålkos, grilling og hagevandring - spirefesten
apr
Lø
Nyt vakre omgjevnader i den store hagen ved mottakssenteret – med svaberg, plen og ein kjøkkenhage i oppstarten. Kom gjerne attende i august og sjå korleis det har vakse til – har det komme høner i hønsehuset? Er drivhuset ferdig?
Vi inviterer til bålkos og open grill – ta gjerne med eigen grillmat. Her kan du anten delta i aktivitetar, eller berre rusle rundt og nyte området.
Barn får gratis ansiktsmaling, og vi byr på gratis kaffe, sveler, kaker og saft til alle.
Velkomen til ein kjekk og avslappa dag ute!