Arrangement: Hügelbed / lasagnebed

Velkommen til ei praktisk økt der vi saman byggjer levande dyrkingsjord – på naturen sine premissar. Vi tek i bruk det vi har rundt oss, soldar jorda, sankar tang, kvist og kvast, og lagar eit næringsrikt og bærekraftig vekstgrunnlag.

Vi får besøk av Inger Auestad (økolog) og Lisbeth Dahle (naturforvaltar). Begge brenn for naturvenleg hagebruk og ønskjer å skape hagar som er gode å vere i – både for menneske og natur. Dei trivst best med jord under neglene og glede seg over alt som spirer og gror.

Bli med og lær – her kan alle delta, uansett erfaring!

Arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogndal hagelag og Sogndal mottakssenter.

Det er gratis å delta og ope for alle!