Årsmøte 2025
Her finn de årsmelding og sakliste til årsmøtet som vert på Movia 21.januar ca. kl. 20.30. I forkant av møtet, kl. 19, får vi eit foredrag der Jenny Hysing fortel og demonstrerer frøsåing av både blomster og grønnsaksfrø.
Jenny Hysing deler i foredraget nyttige råd om både kva ein bør gjere, kva utstyr ein bør ha- og kva ein ikkje bør gjere og kva utstyr ein ikkje treng. Alle er velkomne til eit inspirerande foredraget om frøsåing, og alle medlemmer er velkomne til årsmøtet etterpå. Mellom foredraget og årsmøtet har vi som vanleg ei koseleg og sosial økt med kaffi og noko å bite i, samt lotteri med fine vinstar.