Snittblomster i hagen
Å dyrke snittblomster i eigen hage er kjempegøy, og noko alle kan få til
Snittblomster i hagen – inspirasjon, tips og blomstrande glede!
1. oktober får vi besøk av Anja Bruland frå Blomsterhagen på Abildsø!
Denne kvelden inviterer vi til eit inspirerande foredrag om korleis du kan dyrke dine eigne snittblomster – rett i din eigen hage.
For kven har vel ikkje lyst på bugnande bukettar frå eigen hage?
Anja har heile 15 års erfaring med dyrking og bruk av snittblomster, og deler raust av kunnskapen sin. Ho fortel om eigna sortar, gir gode tips og triks, og viser korleis du kan leggje til rette for ein hage full av blomster som kan plukkast, nytast og bindast til vakre bukettar.
Målet er enkelt: Å inspirere fleire til å dyrke meir blomster – og oppdage gleda ved å kunne hente inn ein bukett frå eigen hage.
Anja er utdanna økologisk agronom frå Sogn Jord- og Hagebruksskule og gartnar frå Hjeltnes gartnerskule. Ho har skrive bøkene Buketter fra Blomsterhagen (Cappelen Damm) og Kunsten å dyrke snittblomster (Flora Forlag).
Dette blir ein kveld for alle som er glade i hage, blomster og gode bukettar – anten du er nybyrjar eller erfaren hagedyrkar.
Ta med deg ein hageven og bli med på ein blomstrande og inspirerande kveld! Vi håpar å sjå mange av dykk!
Det vert og loddsal
Bill kr 200,- for medlem
Kr 250,- for ikkje medlem
Alle er hjarteleg velkomne