Velkomen til inspirerande hagekveld med CHRISTIE Hagedesign! 

 

Onsdag 16. september kl. 19.00 får vi storfint besøk når Kirsti Christie frå CHRISTIE Hagedesign kjem til Florø. Foredraget blir halde i lokala til Fokus Elektro.

Korleis skaper ein ein frodig og vakker hage heilt i fjørekanten – der salt, vind og hjort stadig utfordrar naturen?

Gjennom dette inspirerande foredraget tek Kirsti oss med på reisa frå den første idéen og skissa til ein levande hage. Ho deler erfaringar frå grunnarbeid, samarbeid med entreprenørar – både det som gjekk bra og det som var meir krevjande – og fortel om mikroklima, mikroliv, planteval og gleda ved å sjå hagen vekse fram.

Kirsti Christie er utdanna hagedesignar frå Trädgårdsakademin i Sverige (2024) og fordjupar seg no vidare i plantelære. Ho driv CHRISTIE Hagedesign, der ho tilbyr rådgjeving og foredrag innan hagedesign, planlegging, planting og skjøtsel for kundar på Austlandet og Vestlandet.

Ho har og vore med på å utforme visningshagane på Hagemessa i samarbeid med Norske Hagedesignere og elevar innan anleggsgartnarfaget.

Til dagleg bur Kirsti på Nordstrand i Oslo, der ho forkultiverer plantar i boden heime før dei får vekse vidare i hagen på Larkollen – og i den vesle parken hennar i Sunnfjord.

Enten du er erfaren hageentusiast eller berre drøymer om å skape ein grøn oase, vil dette foredraget gi deg både kunnskap, inspirasjon og lyst til å ta fatt på eigne hageprosjekt.

 

Bill kr 150,- for medlem

       Kr 200,- for ikkje medlem

 

Vel møtt til ein inspirerande kveld for alle med interesse for hage!