Berekraftsveka - Gode dyrkingsråd med gartnar Johannes Nome
Bli med på dyrkingsforedraget onsdag 22. april i Operahuset! Vi får matnytting kunnskap om praktisk dyrking på ein berekraftig måte av gartnar Johannes Nome. Et gratis arrangement i samarbeid med Stad bibliotek. Gratisbillettane finn du på nettsida til Operahuset Nordfjord eller så stikk du innom skranken på biblioteket
Velkomen til foredrag om berekraftig dyrking!
Vil du ha matnytting kunnskap om praktisk dyrking på ein berekraftig måte? Då er dette noko for deg. Denne kvelden får du møte Johannes Nome, ein bonde som produserer poteter, rotgrønsaker, salatar og diverse andre spennande vekstar på Mikkelsgard på Stårheim. Drifta tek utgangspunkt i økologiske prinsipp utan bruk av plantevernmiddel og kunstgjødsel, og Nome har både solid erfaring og spennande tankar som han vil dele med oss.
Han er utdanna gartnar og har fagbrev som blomsterdekoratør, og du får praktiske råd og tips om vekstskifte, sortsval og korleis du kan kombinere ulike vekstar.
Foredraget er gratis, men krev gratisbillett.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Stad bibliotek og Eid hagelag, og er ein del av "Veke 17: beredskapsveka" som markerast på bibliotek over heile landet.