Askvoll og Fjaler Hagelag inviterer til søndagstur til Astruptunet!

Det blir omvisning, frå kl 12 - ca 14, der vi får vi høyre om korleis Astrupfamilien nytta hagen - både i kvardagen og i kunstverka. Her er tradisjonell byggeteknikk, imponerande murarbeid og sjeldant plantemangfald. Når ein vandrar i tunet dukkar det opp fleire kjende motiv frå kunsten til Nikolai Astrup. 

Dei siste åra har uteområdet blitt rekonstruert med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB. 

I husa får vi innblikk i heimelivet til Astrupfamilien. Her får vi òg komme inn i atelieret og sjå kvar han skapte mykje av kunsten sin. Dei siste åra har òg fleire av bygga blitt restaurert, og interiøret har i enno større grad blitt ført tilbake slik det var då Astup budde der tidleg i førre århundre.

I galleriet får vi sjå både måleria og nokon av trykkplatene til Nikolai Astrup. Her høyrer vi om kunsten til kunstnarparet Engel og Nikolai Astrup.

Pris for omvisning/gruppe: 150,- kr/pers

Vi vil ha påmelding innan fredag 30. mai, mtp samkøyring, samt at vi må melde kor mange vi blir. Der er sal av kaffi og vaflar/lappar i kafèen.

Vi håpar mange blir med på vandring i Nikolai Astrup si vakre verd!