Stongfjorden Grendahus, Stongfjordvegen 588, 6984 Stongfjorden
- (6. september)
- (7. september)
Soppkurs i to delar ved Fred Arild Grøneng
Askvoll og Fjaler Hagelag inviterer i år òg til soppkurs over to dagar, ved Fred Arild Grøneng.
Denne gongen møtast vi i Stongfjorden Grendahus, ca 15km frå Askvoll sentrum, mot Førde på fv609.
Laurdag frå kl 13 og utover og søndag frå kl 10 - 13.
Vi vil få ein stødig og grundig gjennomgang av dei mest vanlege typar sopp, både etande og giftige, og kva det er viktig å sjå etter. Teori og praksis.
Påmelding (bindande) sendast til lisbethstroemmen@hotmail.com innan tysdag 2. september.
Kursavgift: Medlem kr 350,- / Ikkje medlem kr 500,-
Enkel servering
Soppkontroll søndag kl 13 - 14 er gratis og open for alle.
Velkomne! :-)
For meir informasjon om kontrollen: https://sunnfjord.soppognyttevekster.no/