Årets planteloppemarknader vert 24. mai ; eitt i Askvoll og eitt i Fjaler.

I Askvoll finn du oss ved Husflidsbua, Askvollvegen 402 B, frå kl 10 - 13. Husflidsbua sel kaffi og godt attåt i kafèen, samt mykje flott, lokalt handverk! Vi ser fram til kjekt samarbeid i år òg!

I Fjaler er vi ved Joker-butikken i Flekke, som ifjor, Hauglandsvegen 1, frå 10 - 13.

Vi satsar på godvêr og håpar å ha eit godt utval av planter for sal til ein rimeleg penge. Har du planter som blomster, stauder, grønsaker og bær, busker og tre du har for mange av og vil donere, så tek vi gjerne imot!
 

Ta isåfall kontakt med ein av oss i styret; gjerne på førehand. Ellers tek vi imot før oppstart på sjølve salsdagen.

Inntektene frå plantesalet går til laget slik at vi kan halde aktuelle og kjekke aktivitetar gjennom året.

Askvoll og Fjaler Hagelag ynskjer velkomne til ein kjekk handel!