Foredrag med Anja Bruland
Foredrag med Anja Bruland frå Blomsterhagen på Abildsø
Å dyrke snittblomster i eigen hage er kjekt og noko alle kan få til. Anja Bruland har 15 år
s erfaring med dyrking og bruk av snittblomster i Blomsterhagen på Abildsø. Ho fortel om eigna sorter, tips og triks.
Målet med foredraget er å inspirere og bidra til at fleire oppdagar gleda med å dyrke fleire blomster i hagane, og å kunne hauste til binding av bukettar.
Anja er utdanna økologisk agronom frå Sogn Jord og Hagebruksskule og gartnar frå Hjeltnes gartnerskole. Ho har skrive to bøker; Buketter fra Blomsterhagen (Cappelen Damm) og Kunsten å dyrke snittblomster (Flora Forlag).
Ho har med seg haustløk og bøker for sal under foredraget som varer om lag 1,5 t med spørsmål undervegs.
Lotteri og enkel servering
Inngang: kr 150,- for medlem i Hageselskapet
kr 200,- for ikkje medlem