ÅRSMØTEHELG 2025
Vi inviterer til årsmøtehelg i Sogndal 22. -23. mars. Det vert ei helg med hageinspirasjon, fordrag, diskusjonar og sosialt samvær med andre trivelege hagefolk.
Det vert ei helg med hageinspirasjon, fordrag, diskusjonar og sosialt samvær med andre trivelege hagefolk.
Laurdag kjem Ingunn Anvik frå Ingunnshage og Dag Jørund Lønning, forfattar av Jordboka for hagen. Det vert også mogleg å vere med på komposteringskurs for dei som ønskjer det.
På søndag skal Karin Weslien som driv Nya Liljedalen , halde eit inspirerande foredrag om Hagelag i vekst.
Vi håpar det vert mange som har lyst komme og høyre på, og at de i lokallaga hjelper å informere om dette.
Lokallaga kan stille med så mange dei ønskjer på samlinga, men det er berre to som har stemmerett på årsmøte.
Påmelding på e-post til mariann.reppen@gmail.com eller på telefon 95924932 innan 7. mars. Opplys om kven som deler dobbeltrom og eventuelle allergiar.
Deltakaravgift for årsmøtedeltakarane for heile helga, alt inkludert, også komposteringskurs og inngang til Vite meir.
Pris per person:
- Enkeltrom: kr 2 900
- Dobbeltrom: kr 2 300
Dagpakkar og middag for årsmøtedeltakarar som ikkje overnattar:
- Dagpakke laurdag kr 430
- Middag laurdag kr 570
- Dagpakke søndag kr 550
Sakliste, årsmelding og rekneskap vert sendt ut seinare. Saker til årsmøte kan sendast til styre.
Vel møtt og velkomen til ei triveleg helg!