Årsmøte i Hageselskapet Sogn og Fjordane
ÅRSMØTEHELG 2024 HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE
Vi inviterer til årsmøtehelg på Thon Skei hotell 16. - 17. mars.
Det vert ei helg med hageinspirasjon, fordrag, diskusjonar og sosialt samvær med andre trivelege hagefolk.
Laurdag får vi lære om beredskapshage.
På søndag vert det fordrag med Claus Dalby, det er ope for alle og vi håpar vi får mange gjester.
Claus han er ein kjend foredragshaldar og hagebokforfattar, de kan følgje han på Instagram, Facebook og Youtube eller på heimesida clausdalby.dk .
Vi håpar det vert mange som har lyst komme og høyre på, og at de i lokallaga hjelper å informere om dette.
Lokallaga kan stille med så mange dei ønskjer på samlinga, men det er berre to som har stemmerett på årsmøte.
Påmelding på e-post til Elin Hauge elinhauge@hotmail.no eller på telefon 41 33 29 92 innan 22. februar. Opplys om kven som deler dobbeltrom og eventuelle allergiar.
Velmøtt og velkomen til ei triveleg helg!
PROGRAM
Stad: Thon Skei hotell
Laurdag 16. mars
12.30 Lunsj
14.00 Beredskapshage v/Anders Nordrum
15.00 Hagelagets time
16.30 Ut på tur/hagebesøk v/ Førde Hagelag
19.30 Middag
Søndag 17. mars
9.00 Årsmøte
11.00 «Små hager, store drømmer» v/ Claus Dalby,
11:45 Pause med loddsal/boksal
12:15 Claus Dalby, forts.
13.00 Trekning og takk for no
13.30 Lunsj og heimreise
Deltakaravgift for årsmøtedeltakarane (pakkepris til lokallaga):
- Kr 2100 per person i dobbeltrom og
- kr 2600 per person i enkeltrom
Dagpakke laurdag: kr 550
Dagpakke søndag: kr 550
Middag laurdag: kr 495
Foredrag med Claus Dalby på søndag:
- kr 250 for medlem
- kr 350 for ikkje medlem