- (21. mars)
- (22. mars)
Årsmøte hageselskapet Sogn og Fjordane
Vi inviterer til ei samling for hagefolk på Aleksandra hotell i Loen. Det vert ei helg med hageinspirasjon, foredrag, diskusjonar og sosialt samvær med andre trivelege hagefolk. Laurdag er programmet ope for alle interesserte, årsmøte vert på søndag.
Laurdag er open dag der vi får fleire inspirerande foredrag; Karin Weslien frå Nya Liljedalen , Mia Winther og Ragnhild Dragsjø som står bak Strå & Spire, og vi får lære om permakultur.
Vi håpar det vert mange som har lyst komme og høyre på, og at de i lokallaga hjelper å informere om dette.
Lokallaga kan stille med så mange dei ønskjer på samlinga, men det er berre to som har stemmerett på årsmøte.
Påmelding på e-post eller på telefon innan 1. mars til sognogfjordane@hageselskapet.no eller til Helen på tlf. 95 72 99 74. Opplys om kven som deler dobbeltrom og eventuelle allergiar.
Deltakaravgift for årsmøtedeltakarane for heile helga er inkludert. Pris per person:
- Enkeltrom: kr 2 670
- Dobbeltrom: kr 2 170
Dagpakkar og middag for årsmøtedeltakarar som ikkje overnattar:
- Dagpakke inkludert lunsj kr 790
- Middag laurdag kr 740
Program årsmøtehelg

Laurdag. 21. mars
12.00 -13.00 Lunsj for årsmøtedeltakarar
13.00 Slow gardening – det enkle hagelivet v/Karin Weslien
14.00 Hagen som livsrom og hvilepunkt v/ Strå og spire
15:00 Pause
15.30 Permakultur v / Eldrid Skudal
16:30 Loddsal og trekning.
17. 00 Slutt på programmet
19.30 Middag
Søndag 22. mars
9.30 Nytt frå landstyret mm v/ Karin Weslien
10. 30 Pausemat og utsjekk frå romma
11.00 Hagelaga sin time
12:15 Årsmøte
13.15 Lunsj og heimreise
Foredraga på laurdag - opne for alle!
- Pris per foredrag : kr 200 medlem/ kr 250 ikkje medlem
- Pris alle foredraga: kr 350 for medlem/kr 450 for ikkje medlem
Påmeldingsfrist for årsmøtedeltakatar innan 1. mars