www.hage-praten.no
Hage-Praten med roseforedrag
mar
Ti
Nina E. Bøe er leiar for Norsk Roseforening avd. Møre og Romsdal, snakker om roser
. I dette foredraget tar ho utgangspunkt i dei gamle gode hagerosene på Vestlandet, men seier òg litt om botaniske artar og moderne sortar med utgangspunkt i rosesamlinga ho har etablert i Brekkegarden. Nina er oppteken av den totalopplevinga roser gir, ikkje berre gjennom det visuelle i blomstringstida, men også det rosene byr på av duft, nyper, og vakkert bladverk. Å strekke blomstringstida gjennom å velje dei rette rosene er også ein del av dette. Foredraget passar for alle, uavhengig av erfaring med roser frå før. Vi set av litt tid på slutten til spørsmål, og med rom for innspel frå andre sine erfaringar frå dyrking i våre ulike klimasoner.