Inspirasjonshelg i Oslo 22.-23. oktober 2022
Dette vart ei helg fylt med masse informasjon frå hageselskapet sentralt, og der vi fekk møte mange av dei som jobbar i Det Norske hageselskap. Det var veldig kjekt å møte andre hageentusiastar frå nord til sør, øst til vest, og det vart mykje ideutveksling og gode tips og råd å ta med heimat. I løpet av helga fekk vi møte mange gode forelesarar; Maria Berg Hestad, Marthine Hoel, Tommy Tønsberg, Anders Røyneberg og Claus Dahlby. Vi vart også invitert til Økern portal der Liv Opsal heldt ein fin presentasjon om hageprosjektet på toppen av taket. Vi, leiar og nestleiar, takkar for eit flott opplegg.