Hagedagen 10. juni 2023
På Hagedagen 2023 har vi planlagt hagemarknad, der Vanylven hagelag står som tilretteleggjar av marknaden. Har du kanskje sådd alt for mange somarblomster eller grønsaker, kom og selg av overfloden din. Andre aktuelle produkt kan t.d. vere saft, syltetøy, fuglekasser, fuglebrett, ullprodukt, hagepynt og plantar/stauder/busker av ymse slag o.s.v. Inntekta går til deg sjølv. For nærmare informasjon, ta kontakt med oss :-)
Har du plantelopper etc. frå hagen, eller andre hagerelaterte produkt, er du velkomen til å ta dei med på marknaden, sette opp bod/hagebordet ditt og selje dei til inntekt for deg sjølv.