Gjerdsvika
Medlemstur: Hagevandring i Brekkegarden
jul
On
Vanylven hagelags medlemar tek turen til vakre Brekkegarden. Den er heim til omlag 100 roser, med hovudvekt på historiske og botaniske roser.
På Brekkegarden, med si vakre sunnmørsstove frå 1897, blir vi tatt imot av vertskap Nina Elisabeth Bøe. Der finn vi historiske roser med namn som "Princesse de Lamballe", "Cardinal de Richelieu" og "York & Lancaster". Bak namna gøymer det seg hundreår med segner om blod og begjær, heltedåd og svik - og udøyeleg kjærleik. Nokre sanne, andre kanskje mindre sanne, men kva gjer vel det..... Gode historier overlever - akkurat som gode roser!
Det blir også høve å få seg ein matbit.