Hagekampanjen 2022 - "Sett spaden i jorda og dyrk"
Vanylven hagelag ynskjer at så mange som mogleg vil bli med på sommarens hagekampanje om å stikke spaden i jorda og dyrke eit kvart. Alle kan vere med, enten du har stor eller liten hage, grønnsakshage, balkonghage eller frukthage. Kanskje er du nybegynnar, eller kanskje er du ein dreven hageentusiast? Hageglede kan vere så mangt. Dette er ingen konkurranse. Vi ynskjer berre å inspirere enda fleire til å finne hageglede :-)
Kampanjen går frå 10.mai til 20.august.
Vi har delt opp i tre kategoriar, der ein frå kvar kategori vil bli premiert med eit gåvekort på kr 500.
* Barn dyrker (t.o.m. 12 år)
* Matnyttig dyrking
* Opa klasse
Hagen må vere lokalisert i Vanylven.
Send bilde av det du har dyrka + namn, tlf og hageadressa til vanylven@hageselskapetmr.no Merk e-posten med Hagekampanjen 2022.
Sjå også annonse og omtale i Synste Møre nr 18 - 5.mai 2022