På Hagedagen 2023 har vi planlagt hagemarknad, der Vanylven hagelag står som tilretteleggjar av marknaden. Har du kanskje sådd alt for mange somarblomster eller grønsaker, kom og selg av overfloden din. Andre aktuelle produkt kan t.d. vere saft, syltetøy, fuglekasser, fuglebrett, ullprodukt, hagepynt og plantar/stauder/busker av ymse slag o.s.v. Inntekta går til deg sjølv. For nærmare informasjon, ta kontakt med oss :-)
Årets fylkesturnè er eit foredrag med Sofie Louise Oltedal. Ho skal lære oss om å dyrke i kjøkenhage og drivhus. Ho driv firmaet Kjøkkenhageservice på Vigra og kjenner godt til klimaet vårt. Sjå meir info under aktivitetar.
Vi er heldige og får besøk av Nina Elisabeth Bøe som vil halde eit foredrag om historiske roser. Ho og mannen driv garden Brekkegarden i Gjerdsvika, der dei m.a. har ein stor hage. Rosehagen vart etablert våren 2018, og er heim til historiske roser frå rosegruppene Alba, Gallica, Damascener, Portland, Bourbon, Spinosissima, Centifolia og Moseroser.