Brekkegarden, Myrane 19, Gjerdsvika
"Hvordan lykkes med roser på Vestlandet" med Daniel Ducrocq
sep
Sø
Roseforedrag med Daniel Ducrocq i Brekkegarden
Daniel har vore tilsett på Universitetet i Bergen i ei årrekke. Hans daglige virke er ved arboretet på Milde, med den rikhaldige samlinga av roser som fins der. Ved sida av det praktiske arbeidet rundt rosene, har han også publisert ei rekke fagartiklar.
I dette foredraget vil Daniel presentere roser som trivs ekstra godt under våre klimatiske tilhøve. Foredraget er hovudsakleg rettet mot nybyrjarar, men passar også for erfarne dyrkarar. Han tek opp planting, gjødsling, beskjæring, sjukdomar med meir, og mot slutten av foredraget får vi sjå bilete av roser som er "vinnarar" i våre vestlandshagar.
Foredraget blir i dei kulturminnelista stovene i Brekkegarden i Gjerdsvika. Lengd på foredraget er omlag ein time. Det blir lett servering.