
Stord hagelag har saman med Bømlo hagelag invitert hageprofilen Karin Weslien bak Nyaliljedalen på Instagram til å snakka om temaet “Slow gardening” - ein hagefilosofi som har fokus på ein meir stressfri hagekvardag utan krav og prestasjonsangst.
Velkommen til eit kjekt og inspirerande føredrag saman med oss i Stord og Bømlo hagelag!
Det vert enkel servering av kaffi og te, samt loddsal etter føredraget.
Stad: Rom UND 103 på HVL, Klingenbergvegen 4, 5414 Rommetveit
Billettar: 75,- for medlemmer av Det norske hageselskap, kr 125,- for ikkje-medlemmar. Billettsal her: https://stordhagelag.ticketco.events/no/nb/e/slow_gardening og med vipps i døra
