Føredrag: Fuglar i hagen v/ Jan Rabben. 9.2.26

Velkommen til årets første arrangement i Stord hagelag. Me får besøk av naturfotograf og forfattar Jan Rabben. Rabben kjem til oss for å snakka om fuglar i hagen og dela vakre naturbilete. Rabben er ein fantastisk formidlar av kor mykje me kan oppleva i nærnaturen! Han er frilansfotograf og basert her på Stord og har gitt ut 12 bøker, hovudsakleg med naturtema.

9.2.26, kl 19:00

HVL auditorium UND 103, Rommetveit

Billettar: kr 50,- medlem / kr 100,- ikkje-medlem. Billettar kan kjøpast på førehand eller i døra med Vipps.

 

Det vert høve til å kjøpe kaffi, te og noko attåt, og loddsal med grøne premier etter føredraget.

Vel møtt!