
Det vert årsmøte i Stord hagelag, Onsdag 12.November 2025. Biblioteket i Stord Kulturhus 2. etg. Kl. 19.00. Før årsmøtet inviterer Stord hagelag til frøbyttekveld, kl 18:00.
Stord hagelag og Stord bibliotek har inngått eit samarbeid om frøbibliotek for at innbyggjarane kan dela frø med kvarandre. Det har vore svært populært, og i vår hadde me masse frø! No er det magert i kartoteket, og frøa som er att har byrja bli gamle. Me håpar at årsmøtedeltakarane vil vera med på å skapa liv i frøbiblioteket att! Legg frø du vil gje til biblioteket i luftige poser, gjerne eit kaffefilter, og skriv på namn og eventuelt blomsterfarge. Ta med på årsmøtet, så vil bibliotekarane innlemma frøa i kartoteket. Dersom de har mykje frø, vil de gjerne bytta med kvarandre òg?
Saksliste på Årsmøtet :
1.Opning ved styret
2.Val av møteleiar, skrivar og 2 representantar til å underskrive protokollar
3.Godkjenning av saksliste
4.Årsrapport for 2025
5.Rekneskap for 2025
6.Valkomiteen sine forslag /Val
7.Innkomne saker/ Anna
Årsmelding og reknskap vil bli send ut i før årsmøtet.
- Styret i Stord hagelag søkjer ein ny medlem for neste periode, og tek i mot forslag til kandidatar på e-post stordhagelag@gmail.com eller kontakt styreleigar Lidveig Stubhaug på mobil 909 75 644.
- Frist for å melde inn saker til årsmøtet er onsdag 29. oktober. Ta kontakt med styret på epost stordhagelag@gmail.com eller styreleigar Lidveig Stubhaug på mobil 909 75 644.
Vel møtt onsdag 12.November 2025, på Biblioteket i Stord Kulturhus 2. etg, for Frøbyttekveld kl 18.00 og Årsmøte Kl. 19.00! Me vonar så mange medlemmar som mogleg vil delta. Styret ønskjer innspel og tilbakemeldingar frå medlemmene. I Stord hagelag er me så heldige at me har mange interesserte og engasjerte medlemmer, og ingen treng å bekymra seg for å bli påtvinga verv eller oppgåver sjølv om ein deltek på årsmøtet 