«Før såg eg berre på damer når eg var ute og gjekk, men etter at eg vart kjent med deg Haakon, ser eg berre på murar», sa ein ung mann som hadde vore på murarkurs med Haakon Aase. Aase er ein av landets fremste tørrmurarar, og har undervist og kursa folk i denne eldgamle kunsten landet rundt.