Hagelagstur til Himagrønt og Søre Skogen!

Laurdag 23. august har Etne hagelag tur til Drude Isene på Søre Skogen og Anne Grete Bjørknes, Himagrønt, Nedstrand.

Dette er ein tur som blir blomstrande, fargerik og fin. Drude og Anne Grete har kvar sin unike stad, sjå heimesidene deira å få ein forsmak på kva du vil få sjå.

Påmelding til Mariann Bauge tlf 92243237 Me kjører privatbilar så gi beskjed om du treng skyss eller har ledig plass i bil. Pris kr 400 inkl lunsj Avreis kl 9 frå Etne senter.

@himagront

@soreskogen