Hagetur til Tjorehagen på Radøy.🌼
Årets hagetur går til Tjorehagen. Dette er ein fredeleg oase med hundrevis av Rhododendron, eksotiske buskar og tre, idylliske stiar, fuglesong, dammar og ei vakker gråsteinsbru. Tjorehagen er livsverket til Olav Tjore, ein hage dei fleste kjem tilbake til gong etter gong etter først å ha vore der. Hagen er i dag eigd og drifta av Stiftinga Tjorehagen.
Me reiser til Tjorehagen på Radøy, søndag den 9.juni.
Me reiser med buss frå busshaldestasjonen på Svortland klokka 09:00 og returnerer frå Radøy klokka 16:00. Då har me god tid til omvising og ein samla matpause. Me køyrer innom eit hagesenter på veg heim. Grunna tinging av buss vert det naudsynt med bindande påmelding. Pris for buss og inngangsbillett/omvising blir 750 kr. Send melding til Marit på 47884213 innan 21.april for påmelding. Turen er no fullbooka.