Bømlo Folkebibliotek
Frøpakkekveld
sep
Fr
Velkomen til frøpakkekveld på Bømlo Folkebibliotek. Ta gjerne med frø frå hagen og bli med på ein hyggeleg kveld for hageinteresserte.
Frøpakkekveld på Bømlo folkebibliotek
Velkomen til frøpakkekveld på Bømlo folkebibliotek kl. 18–20.
Me samlast for å pakke frø som skal delast ut gjennom frøbiblioteket. Har du samla frø frå hagen din, er det flott om du tek dei med. Dette er ein hyggeleg kveld der me kan dele frø, erfaringar og hageglede. Om du ikkje har høve til å vere med på sjølve kvelden, kan du levere frø i skranken på biblioteket på førehand.
Ta gjerne med saks, penn og tape.
Vel møtt til ein kjekk kveld for alle hageinteresserte!