Bømlo Folkebibliotek
Frøpakkekveld. 🌱
sep
To
Me pakkar klart frøposar av av årets frø.
Me pakkar frøposar av årets frø som er ferdig tørka, slik at me har eit lager til neste år i frøbiblioteket ved Bømlo Folkebibliotek.
Medan me pakker frø, snakkar Elin Mariboe, styrar ved Stord Folkebibliotek, om noko som ho brenn for; kompostering. Her får me gode tips og råd om korleis me kan lykkast med jordforbetring og auka avlingar.
Det blir servert kaffi, te og noko å bite i.
Arrangementet er ope for alle som har lyst å hjelpe til. Du får fyrstegongs tilkomst til frøa me pakkar; kanskje tar du med deg heim frø frå noko veldig spanande? Velkomen!