Landskapsarkitekt Hilde Blokkum skal snakke om hageplanlegging og planlegging for blomstring heile året.
Laksevåg hagelag inviterer til foredrag torsdag 20.februar kl.19.00 i Kultursalen på Vestkanten Arkitekt Kjersti Aase Winjum har skrive ei bok om sin far, gråsteinsmuraren, som han kallar seg sjølv, Haakon Aase. Det er inga tørr fagbok om tørrmuring, men ei saftig og kjærleg historie om ei akademikardotter som vil lære seg farens handverk gjennom eit års praksis. «Ein må gjere for å lære», seier Winjum. «Før såg eg berre på damer når eg var ute og gjekk, men etter at eg vart kjent med deg Haakon, ser eg berre på murar», sa ein ung mann som hadde vore på murarkurs med Haakon Aase. Aase er ein av landets fremste tørrmurarar, og har undervist og kursa folk i denne eldgamle kunsten landet rundt.
Anleggsgartnar Jostein Grimsbø vil halde eit føredrag om bruk av stein og mur i hagen.