Velkommen til min solfylte vestlandshage!

Hagen ligg i ein sørvestvendt skråning ned mot Hardangerfjorden (nærare bestemt Høylandssundet). Den er etablert på starten av 1960-talet, og eg (Hilde) flytta hit i 2019. Hagen bestod av plen, mange buskar (særleg mange rhododendron) og fleire store tre samt litt stauder og løkplanter då eg kom hit. Hagen er no inndelt i ulike rom med staudehage, kjøkkenhage, frukthage, pergola og har nydeleg utsikt mot fjorden.

Eg er landskapsarkitekt og er særleg opptatt av rom, linjer og variasjon i hagen. Eg likar å halde på med ulike prosjekt, og det skjer stadig noko nytt. Eg har sidan 2019 mellom anna gjennomført prosjekt som bygging av plantekassar til kjøkkenhage, terrassering av skråning for bed, kastanjegjerde, natursteinsmurar, kompostbinge og pergola. Eg sår sommarblomar og grønnsaker kvar vår, og har ein god del georginer og store rhododendron. Prosjektet for 2026 er å bygge drivhus!

Hagen min er giftfri siden eg er opptatt av å spele mest mogeleg på lag med naturen, og eg har som mål at alt organisk som blir produsert på tomta ikkje skal vekk herfra.

Sjå meir info om hagen på på www.hildesinhage.no, eller på instagram @hildesinhage.

Ta kontakt om du har lyst å komme på besøk. Velkommen!

Hilde Blokkum
Eikelandshaugen 2
5451 Valen

e-post: hilde.blokkum@gmail.com
tlf: 99320843

www.hildesinhage.no
@hildesinhage
https://www.facebook.com/profile.php?id=61556658101992

Hilde sin hage