Rundt det gamle våningshuset i Haavardgarden finn du ein frodig hage inspirert av den klassiske cottage garden-stilen, der staudar, roser og urter veks side om side. Hagen omfattar også ein omfattande urtehage, ein nyetablert biehage tilrettelagd for pollinerande insekt, og ein skoghage som framleis er under utvikling. Midt i hageanlegget ligg ein relativt stor hagedam med tilhøyrande bekk, som skaper eit levande miljø for plantar, insekt, fuglar og andre smådyr.
På garden driv vi aktivt med birøkt, sauehald med gamalnorsk spelsau og produksjon av egg til eige bruk. Biene våre bidreg både til pollinering i hagen og til produksjon av lokal honning. Vi har også etablert eit stort drivhus som gir gode vilkår for dyrking gjennom store delar av sesongen. Her dyrkar vi eit breitt utval grønsaker og andre nyttevekstar for eige bruk, i tråd med eit ønske om berekraftig og naturnær matproduksjon.
Haavardgarden er ein stad der hageglede, biologisk mangfald og tradisjonell gardsdrift møtest. Vi tek gjerne imot besøk, både frå enkeltpersonar og grupper som ønskjer inspirasjon eller innblikk i arbeidet vårt. Ta kontakt på førehand for å avtale besøk. Du finn oss på både Facebook og Instagram under Haavardgarden