Brekkegarden ligg i Sande kommune heilt sør på på Sunnmørskysten. Våningshuset er eit av kommunen sine kulturminne. Noverande eigarar tok over i 2016, og eit mangfald av aktivitetar har utspring i staden som også er pilegrimsherberge og vertskap for organisasjonen NaKuHel Sunnmøre. I 2018 vart det etablert ei samling av historiske roser der og i 2021 vart arbeidet vidareført med ei ny samling av botaniske roser. Saman med dei moderne rosene tel samlingane no om lag 200 roser. Hovudblomstringa er frå midt i juni og ut juli månad. Gamle påske- og pinseliljer som har stått på garden frå gamalt av, gav startskotet til interessa for å skape ei samling også av desse. Tildelinga av Olaf Billes Legat frå Hageselskapet gjorde dette mogleg. Våren 2026 blir det nye hageområdet med dam, botaniske roser og påskeliljesamlinga (110 forskjellige kultivarar) opna. Hageområda elles innheld mange av dei gamle "oldemorstaudene", der ein del av dei har stått på garden frå dei fyrste eigarane si tid. Hjarteleg velkomen til oss, ta kontakt med Nina på tlf 41507568 for avtale.
Brekkegarden